Gå til sidens hovedinnhold

Om varsel ved flytting av ulv

Kronikk

Det er særs krevjande og risikofylt å flytte ulv. Det gjer det vanskeleg å varsle lokale myndigheiter så tidleg som vi gjerne skulle ønske.

fleire ordførarar i kommunar frå tidlegare Østfold fylke reagerer på at dei lokalt ikkje vart varsla omflyttinga før ulvane i praksis var plasserte.

Den 3. januar i år vart ulvane frå Deisjø-reviret flytta frå sitt revir som låg delvis innanfor og delvis utanfor ulvesona i tidlegare Hedmark fylke, til eit område innanfor ulvesona i tidlegare Østfold fylke.

Grunnen til at ulvane vart flytta var at Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet på Stortinget hadde vedteke at lisensfellingsområdet utanfor ulvesona i tidlegare Hedmark også skulle inkludere delar av Deisjø-reviret, i strid med vedtaket frå den regionale rovviltnemnda som ville skjerme området frå jakt. Eg følgde opp Stortinget si vilje ved å opne for dette. Samstundes vart det då naudsynt å flytte det aktuelle ulveparet i Deisjø-reviret, sidan hannen er ein genetisk verdifull innvandrar frå Finland/Russland. Den sør-skandinaviske ulvebestanden har ei særs høg grad av innavl. På sikt kan dette truge bestanden si overleving, og det er derfor avgjerande at nye ulvar vandrar inn frå austlege populasjonar og reproduserer seg. Stortingsfleirtalet er opptekne av at slike individ skal bli tatt vare på, og var også særs opptekne av at flyttinga skulle skje snarast råd.

Eg har forståing for at ein lokalt reagerer på manglande informasjon i forkant av flyttinga. Samtidig er det fleire forhold knytt til denne krevjande og risikofylte saka som gjer tidleg involvering vanskeleg. For det første er slike operasjonar uføreseielege ved at ein ikkje veit når det eventuelt lukkast å gjennomføre oppdraget. Dette er avhengig av gode sporingsforhold, godt flyvêr for helikopter og ein god porsjon flaks. For det andre kan fortløpande registreringar av ulvar som går føre seg no om vinteren, føre til endringar i val av sleppstad fordi ein ikkje vil sleppe ulv i eit område der det er revirmarkerande ulv frå før. Eg viser i denne samanheng til at Stortinget har vedteke at det skal førast ei tydeleg soneforvaltning.

At ulvane skulle flyttast til eit område innanfor ulvesona var derfor sjølvsagt, og alle kommunar innanfor ulvesona måtte i prinsippet vere førebudde på at ulvane kunne blitt flytta dit. På same måte som alle kommunar innanfor ulvesona må vere førebudde på at ulv kan vandre inn for eiga maskin (som trass alt er normalen). Det for øvrig stort sannsyn for at ulveparet vil vandre vidare frå området forvaltninga har flytta dei til, sjølv om målet er at dei skal slå seg til ro. Og det fører meg til det tredje og siste poenget: Det er svært viktig at det er ro rundt sleppstaden for å unngå unødvendig påverknad på dyra etter bedøving og transport. Kommunar og grunneigar skal få beskjed. Og helst i så god tid som forvaltninga klarer. Men ei vid og brei annonsering til ålmenta om nøyaktig kor ulvane blir sloppe ut, vil dramatisk auke risikoen for at heile operasjonen blir mislukka, sidan ulvane kan bli forstyrra. Og det har ingen interesse av.

I denne situasjonen, der forvaltninga også vart sett under sterkt tidspress, meiner eg dette vart handsama på ein god måte av rovviltforvaltninga.

Det er likevel viktig å lære av erfaringane vi gjer oss, og eg vil naturlegvis vurdere om noko kan gjerast annleis dersom vi igjen står oppe i ein liknande situasjon.

Kommentarer til denne saken

Kommentarfeltet er stengt. Det åpner igjen klokken 06:30.