Mossingane må stå imot Oslosuget

Av
DEL

KRONIKKUnder siste EU-avstemming blei eit nytt ord tatt i bruk. Det var «svenske-suget». Det handla om at når Sverige sa ja til EU-medlemskap først, så ville det bli eit «sug» som fekk Noreg til å seie ja i avstemminga to veker etter. Slik gjekk det som kjent ikkje.

I desse tider kan ein snakke om eit anna «sug». Det er det kulturelle suget frå Oslo mot østfoldbyane. Det handlar om at med raskare vegar og betre togsamband så blir det lokale særpreget ved byane våre soge opp i den store hovudstaden. Vi blir som Kolbotn – sovekommunar som servar storbyen.

Om det store Viken blir ein realitet – med fylkesadministrasjon i Sandvika – kan lokal-tilknytinga til Østfold bli enda meir svekt.

I eit intervju med Fredriksstad Blad 15. november 2013 sa den kjende dialektforskaren og professoren Arne Torp at mossingar nesten ikkje har Østfold-identitet. «Jeg vil si at Fredrikstad har en mye mer markant østfoldsk byidentitet enn Moss og Askim», sa han. «Identiteten er mer pregløs i mosseregionen, og mer markant i Fredrikstad, Sarpsborg og Halden. Du kan ikke høre lett om en person kommer fra Moss.»

Torp peika på at dialektgrenser ofte speglar andre strukturelle grenser. «Derfor er det ikke rart at Moss er motstander av det som skjer i Fredrikstad og tilnærmer seg den «finere» storebroren i Oslo.»

Som dialektkæll frå Fredrikstad og nå leiar av Noregs Mållag har eg lenge hatt ein mistanke om at professoren har rett om Moss. Noko er i ferd med å skje med samfunnsstruktur og språk i dette området som gjer at mosse-identiteten er på glid.

Med glede les eg replikkane i ei av «Skråblikk på lokalhistorien»-bøkene til Gunnar Walter Richter Johansen. «Hver gang MFK scorær, guttær, skal eg bare løfte armen», seier ein fotballspelar på 50-talet. Dette er den originale mossetonen som ennå finst når Torgeir og kjendisene syng om MFK: «Når sola har gått ned bak øya et sted, og jeg har tørka tårær etter alle slag, da spærkær jeg i grusen og knyttær nevane, for i morra, ja i morra, hvilken dag!»

På fotballbanen rulær «kællane» kanskje enda, men når eg ruslar rundt i Moss med øra på stælkær, må eg innrømme at det er veldig lite mossetone eg høyrer. Eitt og anna «ho», kanskje, eller eit «døm».

Tirsdag kveld har Noregs Mållag og Østfold Mållag tatt initiativ til eit møte på Moss Bibliotek der utviklinga av mossedialekta står i fokus. Nokre vil kanskje undre seg over at nynorsk-organisasjonen Noregs Mållag blandar seg inn i dialektarbeid i Østfold. Er ikkje nynorsk og Østfold-dialekt to forskjellige ting? For oss i mållaget er det ikkje det. Den grunnleggande grammatikken er lik. Vi arbeider for at alle i landet skal få bruke dialekta si fritt.

Det er nok ikkje så mykje tvang som gjer at mossingane lar dialekta si fare. Det er kanskje meir det at mange nok ikkje er bevisste på den kulturverdien som er i ferd med å gå tapt.

Å slå eit slag for mossedialekta er på mange måtar ein kamp mot tyngdekrafta – eller altså det sentraliserande «Oslo-suget». Det skal ein god del til om dette skal lykkast.

Når nokre av oss likevel prøver å få eit slikt arbeid i gang i Moss, så kan vi jo søke inspirasjon i det faktum at det i si tid levde ein mossing som tenkte dei same tankane som Ivar Aasen, FØR Ivar Aasen. På Alby gods budde stortingsrepresentant Jonas Anton Hielm som alt i 1832 tok til orde for eit eige norsk skriftspråk bygd på talespråket. Henrik Wergeland tok opp ideane i ein seinare artikkel, og den artikkelen veit vi at den 22 år gamle Ivar Aasen studerte.

Nå håpar eg på ny debatt om dialekt, språk og identitet i Moss – i ein by som er på vippen mellom soveby og by med sjølvstendig identitet. Kællane (og damene) frå Moss må igjen på banen, og det gjeld ikkje berre fotball.

«Vi stiftar Moss Mållag på tysdag» 

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags